mandag 25. mai 2009

Forteljing av Knut Homme


Maten er ikkje så viktig når ein fyrst er mett og har nok av han, men så snart ein vert svolten, og ikkje har matbiten i hus da er den det viktigaste i verda for oss. Nå til dags går me til handelsbua og hentar mat ut av stappfulla hyller, og dei fleste tenker vel mindre på korleis maten vert til og kva slags arbeid og innsats som skal til for å lage han.

Men me skal ikkje så langt attende i tida før ein kvar måtte skaffa seg maten sjølv i eit kvart fall på bygda. I den tida var hausten avgjerande for korleis ein skulle ha det gjennom vinteren.
Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul måtte det vera noko ein verkeleg likte, noko spesielt. I den tida var det mange som var oppe på heia for å fange julefisken, dersom dei ikkje fekk tak i god fisk på anna vis.

Julefisken skal helst vera stor og raud, og då måtte ein høgt på heia for å fange han. Før jul hadde folk rimeleg god tid så da kunne ein vera borte nokre dagar. Hyttene var kalde og dagane korte, så ein måtte kle seg godt og dytte om seg med teppe eller skinnfell om nettane. Medan eldskinni flakka på dei tømra veggane, fulle av mose, vart det fortalt mang ei historie i dei lange kveldane.

Ingen kommentarer: